Furuset Ishockey

Furuset Forum (2010).
Foto: Hans-Petter Fjeld

Furuset Ishockey er ein norsk ishockeyklubb frå Furuset i Oslo. Klubben er ein del av Furuset Idrettsforening, populært kalla «FIF» eller «ulvane frå Groruddalen».

Ishockeylaget spelar heimekampane i Furuset Forum, som har ein tilskodarkapasitet på 1 200. Klubben låg i 1. divisjon frå 2009, dei rykte ned frå GET-ligaen 2008/09 sesongen. Framifrå spelarar som Åge Ellingsen og Bjørn Skaare har spelt for klubben.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy